Nye bilder

Harding Folk

Følgt av 2 medlemmar.

Etter markeringa av Lars Osa og Sigbjørn Bernhoft Osa ynskjer me å sitja igjen med ein årleg festival for hardingfela i Hardanger og har av den grunn kalla hendinga for Harding Folk. Sigbjørn meinte at alle ville like hardingfela berre det vert formidla på rett måte og det skal me ta tak i. Det å ha ein lokalkultur med eit musikkinstrument på ca 400 år er ei fantastisk kjelde til glede som me vil invitera alle interesserte å oppleve. Det er ingen annan stad det er meir naturleg å oppleve hardingfela, eller hardangerfele som den også vert kalla, enn i Hardanger. På ein del områder må me vedgå at me er i periferien, men når det kjem til hardingfela så vil Hardanger alltid være kjelda. Meir om sona

Origo Harding Folk er ei sone på Origo. Les meir
Annonse